Kva skjer på fredagen?
Fredag 19. juli inviterer vi til ope tun i Frida sin barndomsheim i Markustunet (Dalevegen 121) på Byrkjelo frå 17:30-20:30. Her er det fleksitid, så du kjem og går som det passar seg for deg og dine. Det blir lettbeint, sosialt og vi held oss ute, så kle deg etter vestlandssommaren med det du treng for å ha ein kjekk kveld! Ta med grillmat, vi stiller med grill, servise, salat og drikke. Vi håpar i det lengste på tørt vêr, og må avlyse om det blir for vått. Håpar og ber!
Det er begrensa med parkeringsplass, så fyll opp bilane, og har du moglegheit til å ta beina fatt, t.d. ved å parkere i sentrum og gå dei 10 minutta det tek å kome seg der ifrå, er det heilt ypperleg!
Brunsj søndag 21. juli
Søndagen etter bryllaupet vil vi nytte oss av festlokalet ein gong til , og inviterer til brunsj frå kl 11-13:30. Der blir det enkel brødmat, restar etter gårsdagen, kaffi og drøs!
Send ei "påmelding" til bruras mor, Ingrid, på tl 98803053 innan laurdag kl. 15:00
Ønskelister
Her er ønskelistene våre! Vi blir like glade for å få noko brukt, som om du kjøper det nytt - så sjekk gjerne ut bruktmarknaden. Det kan også godt vere at listene blir oppdaterte etter kvart, dersom vi kjem på meir vi vil ønskje oss. Er det noko de lurer på angåande ønska; berre spør!
Generell ønskeliste: https://onskelister.no/liste?id=Ge99KB0s8V5erHWznw7I
Ønskeliste Kitchn: https://www.kitchn.no/bryllup/vis-liste/181517/
Kva skal du kle deg i?
Vi har ikkje sett ein regid, offesiell kleskode. Men det er jo bryllaup! Så pynt deg ordentleg, i noko du føler deg fin i. For då er du nemleg aller finast. Bunad, dress eller fin kjole - kle deg opp i dine foretrukne gevantar!
Dersom du ikkje har noko i klesskapet frå før som kan brukast, vil vi oppfordre til å anten skaffe deg nytt antrekk på gjenbruksvis, eller kanskje leige gjennom tenester som https://no.itsvibrent.com/. Då er moglegheitene store for at du finn deg eit lekkert og flott antrekk utan å skrape lommeboka heilt. Og så er det jo betre for kloden vår : )
Vil du bidra med noko?
Dersom du har tid, anledning og lyst til å hjelpe til med noko i forkant eller etterkant av bryllaupet er du hjarteleg velkomen til det! Då er det nok aller greiast å henvende seg til bruda eller brudgomens foreldre. Og du? Tenk gjerne ut på førehand noko konkret du kan tenke deg å bidra med. Då blir det lettare for oss å organisere, enn om alle berre seier "Sei i frå om eg skal bidra med noko!"
Alkoholfritt bryllaup
I bryllaupet vil det ikkje bli servert alkohol, verken under middagen eller festen. Dette er det mange grunnar til, og vi set pris på at du respekterer dette. Denne dagen skal vi kose oss saman både store og små - heilt edru.
Eg vil stille med underhaldning!
Så kjekt! Dette blir vi så glade for! Vil du halde tale, ha ein leik, vise fram ein dans eller noko anna kjekt; ta kontakt med kjøkemeister, for dette vil brudeparet aller helst at skal vere ei overasking. For ordens skuld begrensar vi talar under middagen til næraste familie og forlovarar, men under kaffien er det berre for alle å slå seg laus! Vi har også pianist tilgjengeleg dersom du ynskjer å stille med musikalsk innslag som treng akkompagnement.
Nokre tips til deg som aldri har vore i bryllaup før
Vi veit at ein del av gjestene ikkje akkurat er bryllaupveteranar - brura sjølv inkludert! Så her kjem ei crash course i bryllaup:
1. Kom i god tid før vigsla, og ikkje stå og heng utanfor kyrkja to minutt før vigsla startar. Tenk på deg sjølv som ei brikke i eit stort puslespel, og gå og sett deg.
2. På sjølve dagen, og kanskje også dagen før, er det ikkje brudeparet du skal stille spørsmål om allergi i maten, parkering, vegskildring osb. Gjer deg heller godt kjent med både program og andre kontaktpersonar; forlovarar, foreldre, kjøkmeistrar.
3. Meld frå på førehand om du ønskjer å bidra med noko! Anten det er tale eller underhalding gjer det seg best om dette er organisert på førehand av våre eminente kjøkemeister. Då veit vi at vi får tid til alt, utan at noko blir stress eller ein annan programpost på vike til fordel for uanmeldt underhaldning.
4. Eit bryllaup blir ikkje kjekkare enn ein lagar det sjølv! Det betyr at skal feiringa blir bra, må gjestane vere engasjerte og glade.
5. Det finns nokre middagsreglar som er viktige å få med seg. Her er dei viktigaste:
Klirring i glaset: brudeparet må opp på stolane og kysse. Tramping i golvet: Brudeparet må under bordet og kysse.
Brudgomen forlet rommet under middagen: Alle menn skal kysse bruda på kinnet.
Bruda forlet rommet under middagen: Alle kvinner skal kysse brudgomen på kinnet.