Frida & Andreas

July 20, 2024

Frida & Andreas

July 20, 2024

Reise

Det er mange som kjem langvegs frå for å feire oss - og det set vi så stor pris på! Her har vi samla enkel info som kan forenkle både reiseveg og opphald.


Bil:

Her vil vi varmt anbefale Google Maps dersom du ikkje kan vegen frå før. Om du ikkje kan vegen, eller mot formodning ikkje har tilgang til Google Maps; køyr etter bollelukta til Bakar Jon og sjå etter 1) spisst fjell, 2) snål skulpturpark eller 3) skilt med heilt vanlege ord som nokon har putta ordet "trivsel" framfor. Då veit du at du er komen til rett stad.


Ellers anbefalar vi varm å fylle bilane som skal køyre - ingenting er betre enn ein god roadtrip!


Buss:

Både frå sør, nord og aust kan du enkelt kome deg til Byrkjelo med buss! Det tek kanskje litt tid, men du har jo mest truleg sommarferie, og dersom du tek dette transportmiddelet fatt får du ei autentisk Frida-sommarferie-oppleving med full sight-seeing i vårt vakre land - og det kan vel vere litt fint?


PS: Nokre gonger køyrer ekspressbussane kun til dei "store" stoppeplassane, som Stryn, Førde eller Nordfjordeid. Då går det som regel lokalbuss vidare! Sjekk ut Entur.no for ruteplanlegging.


Fly:

Dersom ingen av dei føregåande alternativa let seg gjennomføre, er vi faktisk så heldige å ha ein lokal flyplass i kommunen! Du kan gjerne bruke opp halve sparekontoen din på å fly ein buss med venger med Widerøe til Anda flyplass på Sandane. Du er hjarteleg velkomen uansett <3

Opphald

Men kvar skal du sove? Også her er det fleire moglegheiter - i fleire prisklasser.


Camping:

Anten du har campingvogn eller ikkje er camping eit godt og rimeleg alternativ. Både på Byrkjelo, Reed og Sandane Camping er det mogleg å leige både hytte og plass til campingvogn.


Hotell:

Gloppen Hotell - ein av kommunen sine store stjerner! Her får du garantert god og eksklusiv frukost!

Dersom du har bil og ikkje har noko i mot å køyre 45 min tid frå Sandane, kan vi også anbefale Innvik Fjordhotell eller Skei Hotell.


AirBnB:

Det blir også meir og meir vanleg for Glopparar å leige ut bustadane sine når dei er vekkreist på ferie, så det skadar ikkje å sjekke ut AirBnB.